Stormsamling 2017

Askvoll padleklubb inviterar til Stormsamling i Bulandet den 22 til 24 september
Påmelding og betaling på deltager.no
Pris: 1100 kroner for Stormpass, dette inkl guida turar og knallgod middag laurdag kveld. Seinaste påmeldingsfrist er 18 september 2017, hugs at det er bindande påmelding! Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

  • Program
    Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 40 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt og melde seg på! Tilbod om guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass. Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll. Ta gjerne med noko godt å drikke så får vi eit par timar med sosialt samvære. Det vert ein tradisjonell Stormsamlingsmiddag, kaffi og dessert i Floren på laurdag kveld, denne er inkludert i prisen, drikke til maten må kjøpast. Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen. Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

  • BSI Padling
    Klubbmedlemmer kan låne utstyr til deltaking på Stormsamlinga. Det blir ikkje organisert felles reise/overnatting/padling, men vi oppmoar dei som ynskjer å delta om å køyre saman og leige hytte saman. Nokre kjente fjes/aktivitetsleiarar vil vere tilstades på samlinga for råd og villeiing om bylgjene/sunnfjordingane/ferjerutene skulle vere overveldande.Bli med!
  • Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *