Åreleiken er eit arrangement for alle med farkostar som har årer som framdriftsmiddel. Vi er allereie ein liten gjeng frå BSI Padling som har meldt oss på, og vonar vi vert fleire. Arrangementet finn stad 25. til 27. juni, og vi skal i løpet av fredagen og/eller laurdagen padle frå Flåm til Gudvangen i Sogn. Mykje av padlinga foregår i Nærøyfjorden som har status som verdsarvområde, på lik line med til dømes Vega.
Dei som ynskjer overnatting startar frå Flåm klokka 18:00 fredag 25. juni. Vi som allereie er påmeldt har gått for dette alternativet. Det vert då ei overnatting i telt (eller under open himmel) undervegs, og vi padlar inn til Gudvangen laurdag. Dei som ikkje kan eller vil starte fredagen, startar kl 09:30 frå Flåm laurdag 26. juni, og padlar heile strekket på ein dag.
Turen er om lag 35km. Fullt mogeleg for dei aller fleste på to dagar, men i drøyaste laget for nye padlarar på éin dag.
Pris: 200kr med overnatting, 150kr utan. OBS: Det er berre plass til 100 personar i den offisielle campen natt til laurdag, men det er mogeleg å finne andre teltplassar i området. Fyrstemann til mølla!
Laurdag kveld vert det grillfest i Gudvangen. Grillfest er ikkje inkludert i deltakaravgifta, og eg har diverre ikkje noko informasjon om kor mykje den vil koste enno.
Påmelding gjerast til arrangør: http://www.naroyfjorden.no/default.asp?lang=no&id=93&mnu=93
Det er ikkje BSI Padling som er arrangør, men vi organiserer felles reise for våre medlemmer, og dermed kan du låne kajakk og padleutstyr av klubben dersom du vil vere med. Du må sjølvsagt ha våttkort for å få låne klubbutstyr.
Send meg ein e-post (etter at du har meldt deg på til arrangør) om du skal vere med, der du tek med: Avreise fredag eller laurdag? Eigen kajakk eller låne? Køyrer du? Hengarfeste på bil? Har du telt?
Vi har teltplass til 14, men ta gjerne med eige telt om du ynskjer.
Send meg ein e-post, ring meg eller send ei melding på 93261404 dersom du har spørsmål.
Vonar vi vert ein stor gjeng frå BSI!
(Foto: Wikimedia Commons)
Siste kommentarer