I år tek vi opp att tradisjonen med luksustur på slutten av sesongen. Vi har reservert to rorbuer hjå Kvalheim Fritid på Radøy. Rorbuene ligg i vannkanten og er fullt utstyrt. Dei har til og med boblebad på terrassen! I området er det mogelegheiter for padleturar på alle nivå.
Avreise frå Sandviken på ettermiddagen fredag 28. oktober, retur om ettermiddagen sundag 30. oktober. Deltakarane fordeler utgifter til transport seg imellom.
Eigenandel: 200kr
Eigenandelen inkluderer leige og utvask av rorbu, samt middag fredag og laurdag. Frukost, lunsj og drikke må den enkelte ta med sjølv. Ein kan låne padleutstyr frå klubben, men ikkje padleklede.
Turen passar for havpadlarar på alle nivå, så sant ein har Våttkort.
Påmelding sendast til michael.storebo@gmail.com seinast 13. oktober. Det er berre 20 plassar, så ver raskt ute! Eg kan også kontaktast på tlf 93261404 dersom de lurar på noko.
Siste kommentarer