Etter stort påtrykk frå dei som ikkje fekk med seg turen til Slåtterøy i fjor, arrangerer vi også i år tur til denne perla i Sunnhordland.

Vi køyrer til Fitjar fredagen, og padlar ein times tid før vi finn oss ein passande leirstad.

Laurdagen snik vi oss utover mellom øyene til vi finn oss ein fin stad å gå i land for lunsj. Siste stopp før Slåtterøy vert Brandasund, der vi kan kjøpe is og proviantere. På Slåtterøy (evt naboøya Slottet) slår vi opp telta og lagar oss middag på ei klippe over havet før vi tenner leirbålet. Overnatting under open himmel, telta er der berre i tilfelle.

Sundagen surfar vi tilbake på dønningane innover Selbjørnsfjorden og et sørlandskompe på ferja på veg heimover.

Ta ein kikk her for bilete frå fjorårets tur: http://www.flickr.com/photos/drbergen/sets/72157624099654349/

Har du lyst å vere med? Send ein e-post til Michael med følgjande informasjon:

Namn:
Telefonnummer:
Har du eigen kajakk:
Har du bil med mogelegheit til å ha kajakkar på taket:
Kan du ta kajakktilhengaren på bilen: