I fjor var Lidun Hareide på padletur i Middelhavet med Terra Santa Kayak Expeditions. Der knytte ho gode kontaktar, og i år har vi fått eit spesialtilbod om guida padling i Hellas.
Dette vert ein tur berre for medlemmer i BSI Padling, og prisen er redusert med €100 i forhold til ordinær pris.
Tidspunkt: 4. til 11. september
Pris: €790
Påmeldingsfrist: 1. juni 2011
Krav til deltakarar: Teknikkurs eller over (meld deg på kurs i vår!)
Ved påmelding betalar ein eit depositum på €100 til arrangøren. Resterande beløp kan betalast med bankoverføring eller kontant når ein kjem til Hellas. Prisen inkluderer leige av kajakk med utstyr (NDK kajakkar, Werner årer osv) og guiding. Guide vil vere Omer Singer, BCU Instructor. Reise, mat og overnatting kjem i tillegg. Det vert mogeleg å overnatte i telt og koke mat sjølv, men ein kan også overnatte og/eller ete på tavernas dersom ein ønskjer det.
Deltakarane må sjølv bestille fly til Rhodos og avtale transport vidare med arrangøren. Fleire charterselskap har flygingar til Rhodos dei aktuelle datoane.
BSI Padling er ikkje arrangør for denne turen og har ikkje noko økonomisk eller tryggleiksmessig ansvar, men vidareformidlar tilbodet frå Terra Santa Kayak Expeditions. Dei som vil reise bør sjølv kommunisere seg imellom om reise osv, bruk gjerne forumet.
Interesserte kan kome med spørsmål til Lidun på lidun@online.no eller melde seg på michael.storebo@gmail.com.
Siste kommentarer